Appell frå ordførarkandidat Kristin Maurstad, Vågsøy Ap

original_1478640023_2549117

Gode veljarar!

Vi bur i ein flott kommune, med bokstavleg talt eit hav av mulegheiter.

Vi må jobbe for å få tilbake folkeveksten vi hadde for nokre år sidan. Vi må legge til rette for bustadbygging, næring og arbeidsplassar. Vi skal jobbe for kystvegen og nytte oss av ringverknadane av Stad skipstunnel. Vi skal utvikle hamna, og aktivitetar knytt til marine og maritime næringar. Vågsøy skal vere ein sterk kystkommune, uavhengig av kva kommunereforma resulterer i. Dette vil Arbeidarpartiet vere pådrivarar til.

I Vågsøy må også ei av dei viktigaste oppgåvene vere å få orden på kommuneøkonomien.

Ein grundig gjennomgang av drift og investeringar er nødvendig. Vi må sjå heilheita, i eit langsiktig perspektiv.

Ungdomsskulen:

Det er ikkje plasseringa på Gotteberg som er bekymringa, men økonomien.

Vi er bekymra for at ein auke til 160 mill vil:

• går utover andre investeringsprosjekt i kommunen. Mange prosjekt i kø allereie

• vil gje vesentleg høgare renteutgifter

• som igjen går utover drifta av andre kommunale tenester

Er vi villige til å legge ned barneskular, droppe satsinga på eldreomsorga og auke eigedomsskatten?

Er rehabilitering godt nok vurdert?

Vi vil ta opp desse spørsmåla før vi tek endeleg stilling til kva vi har råd til.

Så må vi satse, vere framoverlente og promotere kommunen:

Arbeidarpartiet vil føre ein offensiv politikk for å gjere Vågsøy endå meir attraktiv for innbyggjarar og næringsliv.

Det er behov for godt politisk samarbeid både innad i kommunen og med nabokommunane. Dette vil Ap bidra positivt til. Vi er handlekraftige og nytenkande, og meiner at vi har det som skal til for at Vågsøy skal utvikle seg, auke folketalet og tilby gode kommunale tenester.

Godt val!

Kristin Maurstad

Ordførarkandidat Vågsøy Ap